H Kvame AS

Om H. Kvame AS

Allsidig entreprenør i Sunnfjord

Entreprenørbedrifta H. Kvame AS vart starta opp av Harald Kvame i 1993 . Ti år seinare vart bedrifta overteke av sonen Henning Kvame, som i dag er dagleg leiar og har over 35 års røynsle frå entreprenørbransjen. Bedrifta held til i Naustdal, har sju tilsette og er godkjent opplæringsbedrift for anlegg og bergverk. Vi tek på oss oppdrag over heile Sunnfjord.

Med ein fleksibel maskinpark og dyktige tilsette representerer H. Kvame AS eit trygt val av entreprenørbedrift. Vi tek store og små oppdrag—som anten hovudentreprenør eller underentreprenør—og kan vise til solide og varierte referanseprosjekt innanfor ulike kategoriar grunnarbeid. Vi tek gjerne ein samtale om ditt oppdrag, og kjem på uforpliktande befaring.

Ynskjer du uforpliktande befaring?

Kontakt oss